Kvar er du, Gud? Kvar finn vi deg? Den mørke tid gir ingen ro. Kvar vart du av? Du gjekk din veg. Kvar finn vårt hjarte kvile no? Kvar er din lyse himmelsal Når sol går ned, Når natt fell på? Er vegen din blitt altfor smal Til at vi ser kvar vi skal gå? Da minnest vi hans kjærleiks ord: Blant dei forkomne held han hus. Han er i natt der bror drep bror, I dødens einsemd, vald og rus. På flukt i fengsel og eksil, Der kvinner gret i spott og skam, Der håpet sloknar held han til. Der skal hans rike stige fram. Du barn av jorda, født i dag Til leik og latter, sol og song, Du fyller sjel og andedrag Med blomsterange, gong på gong. Men andre sovnar aldri trygt. Ein heimlaus saknar nattely. Små barn og mødrer går i frykt. Ein flyktning frys i framand by. Gå ut med trøyst, skap fred og be At himlens rettferd følgjer deg. Da skal det store under skje Der frosten bit, der svolten gneg. Da ser du han, i natt og vind! Di hand gir ut det liv han gav! Hans andlet skin, hans veg blir din Når barnegråten stilnar av.