Og mannen, han gjekk seg i vedaskog Å heifara, i vedaskog Då så han ei kråke i lunden som gol Å heifara falturilturaltura Og mannen, han tenkte med sjølve seg Å heifara, med sjølve seg Å tru no den kråka vil drepa meg? Å heifara falturilturaltura Så spente han føre sin boge for kne Å heifara, sin boge for kne Og så skaut'n den kråka så ho datt ned Å heifara falturilturaltura Så spente han føre dei folane tolv Å heifara, dei folane tolv Og så køyrde han kråka på låvegolv Å heifara falturilturaltura Og kjøtet, det salta'n i tynner og fat Å heifara, i tynner og fat Og tunga den hadde'n til jolemat Å heifara falturilturaltura Av skinnet så gjorde han tolv par skor Å heifara, tolv par skor Det beste paret det gav han til mor Å heifara falturilturaltura Av nebben så gjorde han kyrkjebåt Å heifara, kyrkjebåt Så folk kunne ro både til å frå Å heifara falturilturaltura Av augo så laga han stoveglas Å heifara, stoveglas Og nakken den sette'n på kyrkja til stas Å heifara falturilturaltura Og hjartet, det satte'n på fiskekrok Å heifara, på fiskekrok Og ingen har sett slik en fisk han drog Å heifara falturilturaltura Men då det så ikkje var meire å ta Å heifara, var meire å ta Så dro denne kar'n til Amerika Å heifara falturilturaltura Men den som 'kje kråka kan nytta så Heifara, kan nytta så Han er ikkje verd'e ei kråke å få Heifara falturilturaltura