Å, eg fann ei vakker jente nedi Setesdal Ho sto vakt på Valle Auto & Bensin Ho lo til meg så eg blei både heit og kald Og eg spurde, vil du vere venen min? Men ho svara at, eg er nok ikkje fri Eg har ein som eg vil elske all mi tid Det er ei fele lagt i handa på ein spelemann Som kan spele slik som berre setesdølar kan (Og særleg om han spelar Sordølen, da) ♪ Og kvar laurdag må eg høyre på min kavaler Men du kan vel også følgje med? Eg blei svartsjuk og sa, eg vil'kje ha det der! Denne fela der skal jaggu halde fred! Og så satt eg med gitaren på mitt kne Og eg øvde trutt og talde, ein to tre Og då helga kom så sa eg, Snille jenta mi No skal eg få spela danselåta di! (Og så spelte eg Sordølen, da) ♪ Men ei jente er'kje betre nedi Setesdal'n For ho visste ikkje kven ho ville ha Og slik er det med ei jente som er dansegal' n Ho kan like gjerne svare nei som ja Så no sitt vi her og spelar både to Og ute der på golvet sviv' e ho! Og i morgan som ho søv den beste svevnen sin Må eg stå vakt på Valle Auto & Bensin