Det var ein tidleg morgan at eg gjekk i skogen inn Eg fann ei edel kvinne der med rose-raude kinn Eg sa, "Kva gjer ei møy som deg i svarte skogen her?" "Eg tek snap-shots med mitt kamera" Sa ho då eg kom nær "Det er ein merke-dag det her, mi kjære møyl" sa eg "For eg er og ein fotograf med same mål som deg." Så fekk ho ta min Nikon F i hennar kvite hand Ho, sa-; "Så flott eit apparat du har, min gode mann!" Mitt kamera lika ho så vel, at utan ventetid Så opna ho den fløyel kledte kamera-veska si "Slikt utstyr har eg aldri sett, mi kjære møy ... " sa eg "Lat meg få dra stativet ut, så tek vi same veg." Så knipsa vi mot solefall og så mot låvedør Uvande vinklar fann vi flust; som ikkje var funne før Ho hadde apen blendar og lang eksponeringstid Eg hadde farga filter på mitt tele-objektiv Slikt lag med film og kamera har eg aldri sett, min ven! Ho hedd'kje før fått rullen utså var ho budd igjen Og når til sist eg såg at det var slutt på filmen min Så fanga ho oss både-inn med sjølutløysar'n sin Ho sa, "Eg har hatt Kodak, Eg har hatt ein Hasselblad" Pentax og Minålta tykte eg var nokså bra Yashika og Olympus kunne også godt gå an Men å knipsa med din Nikon F var topp Min gode mann!