Kishore Kumar Hits

Jack Berntsen - Kor E Hammaren, Edvard? (Bygdevise) текст песни

Исполнитель: Jack Berntsen

альбом: Med Røde Roser - the Best of Jack Berntsen


Kor er hammaren, Edvard, du treng han vel no
Når døra skal spikrast igjen
For i utbygda, Edvard, skal ingen mann bo
Du skal reise til byen, min venn
Og sjarken din, Edvard, ka gjer du med han
Nu når garna for godt heng på hjell
Ta mesanen punn armen, sett sjarken på land
For kvar fiskar er tid å ta kveld
Og det nyharva stykkjet bak fjøsen ein stad
Det får småbjørka få att til års
For det veit du då, Edvard, du skal herifrå
Du skal aldri meir stampe til gårds
Du skal aldri meir drage eit nattstie bruk
Hive uer og torsk kvar for seg
Og det hjelp ikkje, Edvard, å lengte seg sjuk
Industrihallen ventar på deg
Industrihallen ventar, bruk hammaren godt
Og få sjarken i støa fortøyd
Det du pusla med, Edvard, det vart altfor smått
Økonoman er dårleg fornøyd
De har avgjort, du Edvard, innpå et kontor
At den bygda du bor i skal bort
Men det kunne du vanskelig vette i fjor
Då var valgfriarløftet for stort
Og fjøset du bygde på lovnad om veg
Det får du la stå der det står
Og den jorda du pløydde som stort gledde deg
Ho vart ligganes usådd i år
Sei til kjerringa, Edvard, når alt er gjort klårt
Ta fram såkornet, bak oss eit brød
Vi skal feire vår avskjed, om enn det er sårt
I fabrikkhallen trengs ikkje frø
Kor er hammaren, Edvard, du treng han vel no
Når døra skal spikrast igjen
For i utbygda, Edvard, skal ingen mann bo
Du skal reise til byen, min venn

Поcмотреть все песни артиста

Другие альбомы исполнителя

Похожие исполнители