Gud signe vaart dyre Fedraland Og lat det som Hagen bløma! Lat lysa din Fred fraa Fjell til Strand Og Vetter fyr Vaarsol røma! Lat Folket som Brøder saman bu, Som Kristne det kann seg søma! 2. Vaart Heimland i Myrker lenge laag, Og Vankunna Ljoset gøymde. Men Gud, du i Naade til oss saag, Din Kjærleik oss ikkje gløymde: Du sende ditt Ord til Norigs Fjell, Og Ljos yver Landet strøymde. Vil Gud ikkje vera Bygningsmann, Me faafengt paa Huset byggja. Vil Gud ikkje verja By og Land, Kann Vaktmann oss ikkje tryggja. So vakta oss, Gud, so me kann bu I Heimen med Fred og Hyggja! No er det i Norig atter Dag Med Vaarsol og Song i Skogen. Um Sædet enn gror paa ymist Lag, Det brydder daa etter Plogen. So signe daa Gud det gode Saad, Til Groren ein Gong er mogen!