Nese Rastafari

Nese Rastafari тексты песен

Исполнитель   ·  135 слушателей в месяц

Альбомы исполнителя

Похожие исполнители

NESE

Исполнитель


Биография

Nese Rastafari var eit vestnorsk reggaeband med tekstar på nynorsk. (2007-2019) Bandet skifta vinteren 2019 namn til NESE. Følg NESE på Spotify for å følgje med på dei. NESE slepp sitt etterlengta debutalbum på dobbel vinyl 11 mai 2019. Den siste singelen til albumet kom ut 7 mars 2019 og ber namnet Fyka som ein fuggel. Tekstane og melodiane er ført i pennen av Åsmund Nesse, ein låtskrivar som også har gjort seg bemerka som solo-artist innanfor visesjangeren. Bandet starta opp i 2007 då som Nese Rastafari Community. Gjengen har hatt base i Bergen og på Bømlo og i desse åra gjennomført ei rekkje konsertar rundt i landet.. Medlemene i bandet har lang og variert fartstid som profesjonelle musikarar i andre settingar, som til dømes i banda Razika, Sigrid Moldestad, HP And His Patient Orchestra, Ellen Marie Løkslid, Robert Smith-Hald, Kings of Convenience, Ytre Suløens Jass-Ensemble, Kakkmaddafakka, Rasmus Og Verdens Beste Band, Terje Isungset, Vinni og Miss Tati. Låtane til oktetten NESE skil seg ut frå resten av norsk reggaemusikk ved å ha eit visepreg på tekstformidling og bodskap, med roots-reggae musikkstil i bånn – ein stilkombinasjon som har vist seg å engasjera eit breitt publikum. Tekstane har stor tematisk spennvidde, frå kvasse, kritiske merknadar om politisk styre og samfunnssystem til meir skjøre kjærleikskvad om mellommenneskelege verdiar med meir. Følg for alt i verden NESE på Spotify. NESE på nett: www.neserastafari.no