TVISYN
Tvisyn fekk tak i
Det høhe det låge
Rælet og rauvi
Arvesylvet baki
Tvisyn tek saki
å bosta dusten
Av Vinje-venen
Og skalde-Aukrusten
Tvisyn ser saki
Hønstre og vegre
Frå midt på treet
Og sidone tri
Tvisyn tek tak i
Sitt kvervande vidsyn
Vil gjera sitt einsyn
Til eit blenjande trisyn
Kvar hev det vorte av ljodet som ljoma
I hjartom, so jordi gjekk fram att ny!
Åndi, som ovra seg, ordet, so oma -
ørni, som skar gjenom skinande sky!
Kvar er den sigrande allkjærleiks-hugen,
Som blømde ein gong gjenom
Blodeim og brand?
Og kvar er den urædde norrønahugen,
Som vilde og våga og gjekk på og vann?
Kvar hev det vorte av hugen som sprengjer -
Eg ser ikkje sprøyt utav hjarteblod!
Kvar hev det vorte av kloi, som flengjer -
Eg ser ikkje hogg etter ørneklo!
Visst er det mun i at målet er gullgodt,
Arven vår urøyvd og folket vårt fritt.
Men nok er det ikkje, at sverdet er fullgodt:
Kann du'kje svinge det, er det 'kje ditt.
Hovding, som leika med tri sverd i lufti,
Blånande blanke og oddane upp, -
Dans utpå årom, og menn innpå tufti,
Vågspel i storm over hyljande djup... NORSKDOM
Elden som logar
Løynd allra inst
Ein stad i natti
Veit eg han finst
Skirast brenn han
I viddevinden
Klårast skin han
På borgtinden
Kjensla frå fjelli
Stormar i hugen
Dreg meg burt
Frå stillstandsmugen
Lat meg brusa
Bresta og trå
Du er æva
Eg venta på.
Tvihugen kvir seg, og halvhugen skvetten
Rid ut på vegen og tor' ikkje fram!
Veikhugen vik for ein holmgang med vetten, -
Slikt er då meir enn halvonnor skam.
Urred og rak stod den gjæving på føtom,
Som våga sin von i ein strålande strid,
Då song det i hjarta, då saud det i røtom:
Sterk i si tru stod han einfengd og fri.
Då song det i hjarta, då saud det i røtom:
Sterk i si tru stod han einfengd og fri.
Desse, som likar eit lystande løynand',
Lat dei no liggje og røyte med sitt!
Kvar den som vil seg eit hardsaste røynand',
Fat no sverdet og svinge det fritt!
Ris upp og ro ut i strålande stormen.
Stå 'kje og sei at det finst ikkje råd!
Endå rundt verdi lig Midgardsormen, -
Endå so veit me at uråd er råd. Det store, det f__re, det mystiske ljodet,
Klangen i bila, som rustar på vegg,
Må vakne i kjensla og fengje i blodet,
So viljen vår ris upp med kløyvande egg! Spenne no vil me femtande veggen!
Sprengje no lyt me den småf__re form
Og fram etter storfagre, skinande eggen,
Um det so òg vert i rjukande storm!
Høgfjelli lyser so glitrande grøne,
Fossande fjellvatnet bryt ut med magt.
Fram skal det springe, det nye norrøne,
I rytme med stålklang og hallingtakt!
Spring ut som rosor of runer i svellet!
Spring ut i sjodande midnattmystik!
Spring ut som uppkoma blank uppi fjellet!
Spring ut i vilje og ståklædd lyrik!
VIDSYN
Millom draumrenningar
Vilde Tvisyn veva -
Skriva i sanntid
Og i samtidi leva
Fly frå det by-norske
Bore gjenom juvi
Til det bygde-norske
Ved tindeføtene
Kliva det berg-norske
Mot himmelvarden
Og det myte-norske -
Attende til kjeldune
Ein mytomann
Lyt fylgja kallet
Å nækja seg sjølv
For å klæda deim alle
Det store, det f__re, det mystiske ljodet!
Det store, det f__re, det mystiske ljodet,
Klangen i bila, som rustar på vegg,
Må vakne i kjensla og fengje i blodet.
Поcмотреть все песни артиста