Kishore Kumar Hits

Øystein Wiik - La han få bli hos meg текст песни

Исполнитель: Øystein Wiik

альбом: Frendelaus - Musikalen (Frå originaloppsetjinga på Det Norske Teatret)


Far Barbara: Han skal ut her i fra no
Mor Barbara: Du var den som fann han
Bar han heim til meg (Far: Pakk sakene hans no)
(Mor: Kvar har du tenkt deg med han?
Far: Til landsbyen, kanskje eg kan få noko for han?
Mor: Nei, vær så snill!)
Aldri har eg større lykke møtt i livet
Vær så snill!
Livet utan han
Har blitt utenkjeleg.
La han få bli hos meg, kjære,
La han få bli hos meg.
Eg ser heile verda i ei solbrun hand
Sonen som eg mista
Fann eg att i han
Om du lar han bli her veit eg godt du kan
Lære å elske han
Du kan lære å elske han
Eg har elsk som famnar
Både han og deg
La han få bli hos meg, kjære,
La han få bli hos meg
(Far: Så går vi til den presten og spør han om råd)
(Remi: Kva er eit hittebarn, mamma?
Mor: Eg er ikkje den verkelege mora di.)
Eg skal aldri gløyme dagen du kom hit
Klea var av silke
Hua farsken kvit
Lik ein attgløymd engel
Frå ein nyrømd verd
Veit ikkje kven du er
Nei, eg veit ikkje kven du er.
Vi fann aldri ut av
Kvar du kom i frå
Og dermed vart eg mora livet let deg få
Kva som no vil hende
Tørr eg ikkje spå
Håpar at Gud veit råd
Ja, eg håpar at Gud veit råd

Поcмотреть все песни артиста

Другие альбомы исполнителя

Похожие исполнители