Og mannen han gjekk seg i veda skog, - Hei fara i veda skog. - Då sat der ei kråka i lunden og gol. - Hei fara. Faltu riltu raltura. - Mannen han tenkte med sjølve seg; - Hei fara med sjølve seg;- Skal tru då den kråka vil drepa meg? - Hei fara. Faltu riltu raltura. - "Å no har eg aldri høyrt større skam! -Hei fara ein større skam!- Har du høyrt at ei kråke har drepe ein mann?" - Hei fara. Faltu riltu raltura. - Og mannen han spente sin boge for kne, -Hei fara sin boge for kne.- Så skaut han den kråka, så ho datt ned. - Hei fara. Faltu riltu raltura. - Av skinnet så gjorde han tolv par skor, - Hei fara tolv par skor- Det beste paret det gav han til mor. - Hei fara. Faltu riltu raltura. - Av tarmane gjorde han tolv par reip, -Hei fara tolv par reip- Og klørne han brukte til møka-greip. - Hei fara. Faltu riltu raltura. - Og nebben han brukte til kyrkje-båt, -Hei fara til kyrkje-båt- Som folk kunne sigla på frå og åt. - Hei fara. Faltu riltu raltura. - Og munnen han brukte te mala korn, -Hei fara te mala korn- Og øyro han gjorde til tutar-horn. - Hei fara. Faltu riltu raltura. - Av augo så gjorde han stoveglas -Hei fara stoveglas- Og nakken han sette på kyrkja til stas. - Hei fara. Faltu riltu raltura. - Og den som kje kråka kan nytta så, -Hei fara kan nytta så- Han er ikkje verd ei kråka å få. - Hei fara. Faltu riltu raltura. -