Kishore Kumar Hits

Sveinung Hølmebakk - Skude Fyr текст песни

Исполнитель: Sveinung Hølmebakk

альбом: Snart Gryr En Dag


Gjennom regn og salt
Gjennom voldsomme bølger fer han fram
Han har røyna alt
Han er sliten og trøtt
Men garnet det må opp
Før han vender heim for godt
Han ser inn mot Skude Fyr
Han tenker på henne som er
Like øm og god
Når dei er saman, kun dei to
Sjøl etter mange, mange år
Kjenner han framleis ho er
Like øm og god
Når dei er saman, finn han ro
Sjøl etter mange år, er det dei to
Ho tar forkle på
Ho set på gryta med to poteter kvar
Det blir fårikål
Det er lenge sidan sist
Og ho tenker med eit smil
Eg har hatt eit lykkelig liv
Ho ser ut mot Skude Fyr
Snart kjem han heim, han som er
Like øm og god
Når dei er saman, kun dei to
Sjøl etter mange, mange år
Kjenner ho framleis han er
Like øm og god
Når dei er saman, finn ho ro
Sjøl etter mange år, er det dei to
Ho er fjern og bleik
Ho snur seg vekk medan kista senkes ned
Ingen andre veit
Kva dei hadde i lag
Og ho kan ikkje forstå
Korleis livet skal bli nå
Ho ser ut mot Skude Fyr
Han kom aldri heim, han som var
Like øm og god
Når dei var saman, kun dei to
Sjøl etter mange, mange år
Kjente ho framleis han var
Like øm og god
Når dei var saman, fant ho ro
Sjøl etter mange år, var det dei to

Поcмотреть все песни артиста

Другие альбомы исполнителя

Похожие исполнители