Deg å få skode er sæla å nå Gud ver det syn som mitt hjarta vil sjå Ver du for tanken min dyraste skatt Ljoset som strålar ved dag og ved natt Ver du min visdom Mi sanning og trøyst Tal du det levande ord med di røyst Far, lat meg vera barn her hjå deg Kom til meg, Herre, ja bu du i meg Ver du i striden mitt skjold og mitt sverd Ver du det merket som syner mitt verd Livd for mi sjel Den tryggaste vakt Lyft meg mot himlen, du makt i mi makt Rikdom og ære som menneske gjev Er ikkje meir enn den morknande vev Du er min arv som varer til sist Himmelske konge Det veit eg for visst Konge i æva, å lat du meg då sigrande inn i ditt rike få gå Ver du mi tru, den vona eg ber Til eg får skode din herlegdom der Ver du mi tru Den vona eg ber Til eg får skode din herlegdom der