Vilja de høyra kvedet mitt Og vilja de ordi tru, Om han Olav Tryggvason Skal songen her seg snu. - Dansen glymer i halli Så dansa me då i ring! Glade rida Noregs menn til hildarting. Kongen han let seg ei snekkje byggja Bort på den slette sand; Ormen den lange det største skipet Som bygdes i Noregs land. - Dansen glymer i halli Så dansa me då i ring! Glade rida Noregs menn til hildarting. Skipet det bygdes i Noregs land, Ut av dei beste emnom: Sytti alner og fire til Var kjølen imellom stemnom. - Dansen glymer i halli Så dansa me då i ring! Glade rida Noregs menn til hildarting. Kongen han ut i høgsetet sit Talar til sine drenger: No skal me sigla den salte sjo, Det heve eg tenkt så lenge. - Dansen glymer i halli Så dansa me då i ring! Glade rida Noregs menn til hildarting. Bere no då dei herkledi fram, Med brynjor og blanke sverdi, Så leggja me sidan frå landet ut, Så gjeva me oss på ferdi. - Dansen glymer i halli Så dansa me då i ring! Glade rida Noregs menn til hildarting. Vundo dei opp sine silkesegel, Vinden å taka i fanget, Og så er det sagt at kongen sjølv Han styrde Ormen den lange. - Dansen glymer i halli Så dansa me då i ring! Glade rida Noregs menn til hildarting.