Eg veit i himmerik ei borg, Ho skin som soli klaare, Der er ei synder eller sorg, Der er ei graat og taare. Der inne bur Guds eigen Son I herlegdom og æra, Han er mi trøyst og trygge von. Hjaa honom eg skal vera. Eg er ein fatig ferdamann, Maa mine vegar fara Herfraa og til mitt fedraland, Gud meg paa vegen vara! Eg med mitt blod deg dyrt hev løyst Og fram for deg vil treda, Eg giv ditt hjarta mod og trøyst Og vender sorg til gleda. Er du meg tru og bruka vil Guds ord og sakramente, Di synd er gløymd, di sorg vert still, Di heimferd glad du vente! Naar verdi all som drivesand Med gull og gleda viker. Daa stend eg ved di høgre hand, Ein ven som aldri sviker. Eg fatig hit til verdi kom Og rann av ringe røter, Fer herifraa med handi tom, Og daudens vald meg møter. Men visst eg veit ein morgon renn, Daa daudens natt skal enda. Min likam upp or gravi stend, Og evig frygd fær kjenna. So hjelp oss du vaar Herre Krist, Ditt blod for oss hev runne! Din bitre daude sant og visst Oss himmerik hev vunne. Me takkar deg til evig tid, Vaar Herre, alle samen, For du er oss so mild og blid I Jesus Kristus! Amen.