I Vårherres store kino der er månen maskinisten Foldar heile himlen ut til lerret før han høgt frå kvisten Sløkkjer lyset nedi salen og skrur lyden på Hald meg hardt i handa så eg tør å sjå Snurr min film rundt og rundt Snurr min film Snurr min film og la det vare Snurr min film for eg vil sjå Åssen i all verda dette her skal gå Alt er skremmande naturleg, her er lyden overlegen Ekte latter ekte gråt, ja du kan tru det er din egen Her er tårene av tårer, her er blod av blod Andre saker detta her enn video Snurr min film rundt og rundt Snurr min film Snurr min film og la det vare Snurr min film for eg vil sjå Åssen i all verda dette her skal gå Nei, Vårherres store kino er nok ingen stad for pyser Den komedien vi bestilte liknar meir og meir ein gyser Det er like før du ropar: For eit sabla møl Før du skjønnar alt: Du er jo skurken sjøl Snurr min film rundt og rundt Snurr min film Snurr min film og la det vare Snurr min film for eg vil sjå Åssen i all verda dette her skal gå Sjøl ein helt kan miste motet og du spør deg midt i filmen Kva dramatikaren heiter og kva produsenten vil me'n Medan månen svarar slik som maskinistar bør: Hald deg fast og stol på filmens regissør Snurr min film rundt og rundt Snurr min film Snurr min film og la det vare Snurr min film for eg vil sjå Åssen i all verda dette her skal gå