Halleluja blei pynta med brurelav og gull Halleluja Og på bringa skein sølja som sola underfull Då ho førtes av Faderen mot kyrkja Halleluja, så fager ei brud har ingen sett Halleluja Ho var mest ikkje nedpå, ho trippa fram så lett For ho stunda mot brudgommen Herr Amen Halleluja ja Halleluja Halleluja og Amen Frami koret venta Amen i herlegdom og skrud Halleluja Og han tenkte på si Moder og han tenkte på sin Gud Å men mest tenkte Amen på brura Halleluja ja Halleluja Halleluja og Amen Og no brusa det i orgel og ut av himla vind Halleluja Dansa englar ned i skipet då brura stega inn For Herr Amen vidunderleg at skue Halleluja ja Halleluja Halleluja og Amen Så fekk brureparet knele for Herrens altarring Halleluja Og forlove kvarandre med ringar utpå fing Til den evige truskap og ære Halleluja ja Halleluja Halleluja og Amen