Med ein himmel av bomull og sølv Heiser Herren sitt segl over jorda Og når skuta hans duvar mot dag Stig ei sol som lanterne i masta Vi er sjøfolk med styrmanns bevis Vi har ansvaret sjøl for seilasen Og skuta og leia Har redaren gitt oss til låns Denne skuta er bygd for ein storm Sjøl om vindane herjar i seglet Sjøl om bølgjene skurar og bryt Skin det alltid ei stjerne for baugen Det er stjerna som ingen kan sjå Før han opnar sitt innerste auge Ei stjerne i mørket Har redaren gitt oss til låns Det skal piske i eling og sno Det skal brenne som salt uti synet Det skal kviskre som kyss over hud Svale lepper av regn under sola Det er drikken Vårherre vil by Den vi første gong smakte i dåpen Eit vatn for livet Har redaren gitt oss til låns