Du reiste venn, men reiste ikkje frå meg Stadig nær – stadig like nær For om eg blundar kan eg alltid sjå deg Stadig nær – stadig like nær Ditt gode smil, di trygge ro Dei kloke augo som forsto Her blæs det kaldt, men varmen din er hjå meg Stadig nær – stadig like nær Du fann ei hand langt tryggare enn hender Stadig nær – stadig like nær Du såg ei strand langt bortom våre strender Stadig nær – stadig like nær Du såg ei sol med klårar' glans Du høyrde song, ein annan dans Så skauv du ut den båt som aldri vender Stadig nær – stadig like nær For stadig susar kongletunge graner Stadig nær – stadig like nær Vår såmann Vind er tru mot gamle vaner Stadig nær – stadig like nær Vår beste gran, du måtte ned Men sjå du gror i nye tre Det syng i frø som kjem frå gode aner Stadig nær – stadig like nær