Ei salme om dagen det skulle vel gå For denne salmisten å skrive Så sjela fekk noko å bryne seg på Og heldt seg forsvarleg i live Ei salme om dagen som trosten ved gry Han har ikkje hang til å samle Kvar lovsong han jublar er flunkande ny Fordi han har glømt bort den gamle Hør høvdingen frøgrana susar og syng Ho strør sine vers ut i dagen Der skogmusa pistrar og pip under lyng Ja, alt har ein diktar i magen Sjøl regnet mot steinen syng høgt trommelom Og under det skjelvande lauvet Spinn larven ei puppe og diktar seg om Til fivreld – eit syn for Guds au'e Ei salme om dagen skal Skaparen ha Og blir det for smått på papiret Då klatrar eg berget og ropar hurra For alt som vil leve og spire Der fyller eg sjela med himmel og vind Og kviskrar med auene atte At gudskjelov har eg då høgsongen din Som du berre du kan forfatte