Den dagen Vårherre dansar skal eg betre meg by han opp Fri for sjenans skal eg be om ein dans Med både sjel og kropp Og sanneleg trur eg han takkar ja til neste låt Då får eg ein sving så eg vimar i ring Mellom høge skratt og gråt Dans med meg Herre Gud så godt som eg dansar med deg No får eg jo til – sei du deli til – vrangsnu og bakomsteg Dans med meg Herre Gud så godt som vi dansar i lag La svingomen gå – sei du deli gå – frå natt til lysan dag Når dansen er dansa ferdig då skal eg kje vera sein Eg skal be han med opp for å ta seg ein kopp Og den skal vera rein Ja, då skal vi ha oss den praten eg lenge har venta på Om livet, især kor vrient det er Eg trur han vil forstå Dans med meg Herre Gud så godt som eg dansar med deg No får eg jo til – sei du deli til – vrangsnu og bakomsteg Dans med meg Herre Gud så godt som vi dansar i lag La svingomen gå – sei du deli gå – frå natt til lysan dag Den dagen Vårherre dansar er lenge til heromkring For nokon har sagt det er rimelig skakt Av Gud å danse swing Dei låser han inn i ei salme og meiner å ha 'n i fred Men kom 'n seg fri – o salige tid Fekk store under skje Dans med meg Herre Gud så godt som eg dansar med deg No får eg jo til – sei du deli til – vrangsnu og bakomsteg Dans med meg Herre Gud så godt som vi dansar i lag La svingomen gå – sei du deli gå – frå natt til lysan dag