Eit tordnans drønn – Langli'n gjedde flatt jønn. Blårøyken stod bak Forden. Bø te Lonne elt me konne. Nå var det tid for å knekke rekorden. Bø te Lonne elt me konne. Har du 140 så lettar du på Kleppe. Dårleg dosert i Engrav, der kan det sleppe. Men bilen te Langli'n hang som ein varm vaffel! Det gvein og det dunka – Gjennom Veirudkrysset før me fekk blunka. Eg klora meg fast te det som var. Tunellsyn og øresus, det knitra av gamal grus. Stive i blikket og møre bak. Finger'n på klokka mens Langli'n gira og tråkka. 60-sona på Svenseid fauk forbi. I Helgetveitsvingen e lågprofil dekk tingen, Med nåla på 70 og dårleg tid. Ned mot Østerå, to ville kuskar piska på. Ut på Lonnebrua med eit vræl! Det var 'kje te å tru – klokka viste 7.20 Ny rekord, men pulsen var fæl. Bø te Lonne elt me konne... Me var bleike og kvite. Såg rett fram – sa lite. Langli'n stoppa motor'n – me gjekk ut. Og der ved soloppgang var gutt blitt te mann. Manndomsprøva var bestått! Bø te Lonne elt me konne...