Gravferdsmannen angrar seg Organisten vel ein einsam veg Saksofonane av sølv ber meg gje slepp på deg Kvar brostne bjølle, kvar blasse lur Hånar meg for min utur Men eg blei kje fødd Om nokon trur, til å gå glipp av deg Eg må ha deg, må ha deg Eg må ha deg, nett no Kjære, eg må ha deg Den drukne pampen hoppar til I gata der kvar mor græt stilt Og frelsarane som søv mildt, dei ventar deg Og eg står med min kopp med skòr Og drikk medan eg ventar på At ein av dei Skal be meg gå og hente deg Eg må ha deg, må ha deg Eg må ha deg, nett no Kjære, eg må ha deg Som fedrane, dei tapte seg Forutan sine kjære Mens døtrene, dei hundsar meg Fordi eg lèt alt vere Eg skal dra til Spar Dam ganske snart Mi kammerfrøken der er smart Ho veit eg treng ein heilt ny start, ho ser det vel Ho er snill som få Og det er ingenting ho ikkje vil forstå Ho veit til kven eg helst vil gå Men kva gjer det vel? Eg må ha deg, må ha deg Eg må ha deg, nett no Kjære, eg må ha deg Og ditt dansande barn i kinesisk drakt Eg tok seljefløyta hans med makt Det var som om noko fór, som sagt, i meg Men eg gjorde det fordi han laug Fordi at alt han sa deg, saug Og fordi solnedgangen hans var raud Og fordi eg. Eg må ha deg, må ha deg Eg må ha deg, nett no Kjære, eg må ha deg