Eg har vandra i byar i framande land Funne gull i ei gruve og rav på ei strand Eg har budd på ei søyle der ingen kom opp Der alt selskapet mitt var ei skål og ein kopp Men aldri har eg vore der eg er no Det er ein heilt eigen stad Med ei heilt eiga ro Nei, aldri har eg vore der eg er no Det er ein heilt eigen stad Berre mellom oss to Eg har skjøtt mine plikter ved Faraos hoff Eg har sydd keisaren klede av det vakraste stoff Eg har venta i porten for å hente mi løn Ære og framgang, det var inga bøn Men aldri har eg vore der eg er no Det er ein heilt eigen stad Med ei heilt eiga ro Nei, aldri har eg vore der eg er no Det er ein heilt eigen stad Berre mellom oss to Eg har vore i vinden, eg har stått i full sol Eg har nekta på alt sidan før hanen gol Eg har gått ifrå templet og inn i basaren Eg måtte leggje att pennen, eg fekk behalde gitaren Men aldri har eg vore der eg er no Det er ein heilt eigen stad Med ei heilt eiga ro Nei, aldri har eg vore der eg er no Det er ein heilt eigen stad Berre mellom oss to