Kishore Kumar Hits

Sigrid Moldestad - Vintersong текст песни

Исполнитель: Sigrid Moldestad

альбом: Vintersong


Sover vreden på jorda? –når det er natt
Eg står her og undrar på
Stjernehimmel-kva du kan sjå.
Blir hatet lei av å hate? -når det er natt
Kan kalde tankar tinast ned
Drøymer alle om ro og fred?
Kan mødrer frå alle tider- i denne natt
Trøyste alle born som lir
Ta dei bort frå redsle og svolt og strid
Tenk om krigar gjekk over -i denne natt
Eg står her og undrar på
Korleis jorda ville sett ut då?
Tenk om det kunne vere sånn
Ei stille vinternatt
Tenk om det kunne vere sånn
Ei stille vinternatt
Dagar veks ut av mørkret-kvar enda natt
Lyset finn støtt ein veg
Og no vil eg det skal finne meg.
Eg vil at alle vonde tankar-i denne natt
Snur seg rundt og vender om
Og forsvinn i denne Vintersong
Snart syng vi om stjerna som kom ei julenatt
Den som viste vegen til ein stall
Ein bitteliten gut kom med fred, er oss fortalt
Eg vil så gjerne tru at det er sant
Tenk om det kunne vere sånn
Ei stille vinternatt...
Tenk om det kunne vere sånn
I denne vinternatt.

Поcмотреть все песни артиста

Другие альбомы исполнителя

Похожие исполнители

Vamp

Исполнитель

Elg

Исполнитель