Sover vreden på jorda? –når det er natt Eg står her og undrar på Stjernehimmel-kva du kan sjå. Blir hatet lei av å hate? -når det er natt Kan kalde tankar tinast ned Drøymer alle om ro og fred? Kan mødrer frå alle tider- i denne natt Trøyste alle born som lir Ta dei bort frå redsle og svolt og strid Tenk om krigar gjekk over -i denne natt Eg står her og undrar på Korleis jorda ville sett ut då? Tenk om det kunne vere sånn Ei stille vinternatt Tenk om det kunne vere sånn Ei stille vinternatt Dagar veks ut av mørkret-kvar enda natt Lyset finn støtt ein veg Og no vil eg det skal finne meg. Eg vil at alle vonde tankar-i denne natt Snur seg rundt og vender om Og forsvinn i denne Vintersong Snart syng vi om stjerna som kom ei julenatt Den som viste vegen til ein stall Ein bitteliten gut kom med fred, er oss fortalt Eg vil så gjerne tru at det er sant Tenk om det kunne vere sånn Ei stille vinternatt... Tenk om det kunne vere sånn I denne vinternatt.