Kishore Kumar Hits

Sigrid Moldestad - Haustkveld ved havet текст песни

Исполнитель: Sigrid Moldestad

альбом: Så ta mitt hjerte - Dei beste songane


Ei eldraud kveldsol sig i hav
Og her i avdagselden
Kan hjarta gløyme krav og kav
Og kvile ut i kvelden
Ei furu står i skrinne jord
Det susar lint i baret
Småbåror kviskrar løynde ord
Til bløretang og tare

Dei bårene som går mot land
Og syng si same salme
Dei rullar og mot framand strand
Med mandeltre og palme
Det ropar røyster i meg; Kom!
Til andre land og lende
Men kjenner milde hender som

Dreg tanken stilt attende
Langt ute høyres bylgjebrot
Sjøfuglen ber seg ille
Draugen ror sin halve båt
Mot natt og skymingstille
Ei eldraud kveldsol sig i hav
Og her i avdagselden
Kan hjarta gløyme krav og kav
Og kvile ut i kvelden

Поcмотреть все песни артиста

Другие альбомы исполнителя

Похожие исполнители

Vamp

Исполнитель

Elg

Исполнитель