Kishore Kumar Hits

Agnes Buen Garnås - Draumkvedet текст песни

Исполнитель: Agnes Buen Garnås

альбом: Draumkvedet


Draumkvedet
Dette er eit visjonsdikt, som handlar om ein ung mann som fall i søvn julekvelden, og vakna til feiringa av trettandagen. Da fortalde han om draumen, ei reise til dødsriket og tilbake. Dette religiøse diktet
Har forankring i katolsk tru, men også i norrøn mytologi og i norsk folketru. Forskarane meiner at det
Er frå 1500-talet før reformasjonen vann fram.
I
Vil du meg lyde, eg kveda kan
Om einkvan nytan drengjen,
Alt om 'n Olav Åsteson,
Som heve sovi så lengje.
Han la seg ned om joleftan,
Sterkan svevnen fekk,
Vakna kje fyrr om trettandagjen,
Då folkjet åt kyrkjun gjekk.
Og det var Olav Åsteson,
Som heve sovi så lengje.
Han la seg ned om joleftan,
No hev 'n sovi så lengje,
Vakna kje fyrr om trettandagjen,
Då fuglana skoke vengjir.
Han vakna kje fyrr om trettandagjen,
Då soli rann i lie,
Då sala han ut fljotan folen,
Han ville åt kyrkjun rie.
Presten stend'e fyr altare
Og les opp lestine lange,
Olav set seg i kyrkjedynni
Og tel'e draumane mange.
Gamle mennar og unge
Dei gjev'e ette gaum'e
Med' han Olav Åsteson
Tel'e sine draume.
II
Eg la meg ned om joleftan,
Sterkan svevnen fekk,
Vakna kje fyrr om trettandagjen,
Då folkjet åt kyrkjun gjekk.
For månen skin'e
Og vegjine falle så vide.
Eg hev vori meg opp med sky
Og ned-att med havet svarte;
Den som vil mitt fotspor fylle,
Lær kje av blidom hjarta.
Eg hev vori meg opp med sky
Og ned-att med havsens grunne;
Den som vil mitt fotspor fylle,
Lær kje av blidom munne.
Eg hev vori meg opp med sky
Og ned-att på svarte dikje;
Eg hev sétt åt heite helvite
Og ein deil av himmerikje.
Eg hev fari ivi vigde vatnet
Og ivi djupe dalar;
Høyrer vatn, og ser det inkje,
Unde jordi så mune det fara.
Eg er så trøytt og ferde-mod,
Og inna så mune eg brenne;
Eg høyrer vatn, og fær det inkje,
Unde jordi så mune det renne.
Inkje kneggja soten min,
Inkje gøydde min hund'e,
Inkje gol dei ottefuglan':
Det tottest meg vera under.
Eg var meg i auromheime
I mange netter og trå,
Det veit gud i himmerik
Hosse mang ei naud eg såg.
Eg kan noko av kvòrjom
Derfyr tikjest eg frod;
Eg var longe i moldi mòka,
Ha eg tott den dauden god.
III
Fysste eg var i uteksti,
Eg fór ivi tynnyr-mog:
Sund'e gjekk mi skarlakskåpe
Og neglan' av kvòr min fot.
For månen skin'e
Og vegjine falle så vide.
Så var eg meg i uteksti
Igjennom den tynnyr-ring:
Sund'e gjekk mi skarlakskåpe
Og neglan' av kvòr min fing.
Kjem eg meg åt Gjallarbrui,
Ho heng'e så hågt i vinde;
Ho er òll med gulle slengji
Og saum i kvòrjom tinde.
Ormen høgg'e, og bikkja bit'e,
Og stuten stend midte på leii:
Tri er tingji på Gjallarbrui,
Og alle er gramme og vreide.
Bikkja bit, og ormen sting,
Og stuten stend og stangar –
Det slepp ingjen ivi Gjallarbrui
Som feller domane vrange.
Eg hev gjengji Gjallarbrui,
Ho er både bratt og lei;
Vassa så hev eg dei Våsemyran',
No er eg kvitt'e dei.
Va'i så hev eg dei Våsemyran',
Der hev kje sta'i meg grunn;
No hev eg gjengji Gjallarbrui
Med rapa mold i munn.
Eg hev gjengji Gjallarbrui,
Og der var krokane på;
Men eg totte tyngre dei Gaglemyran',
Gud bære den dei skò gå!
IV
Så kom eg meg åt votno dei,
Der isane brunne blå;
Gud skaut det i hugjen min:
Eg vende meg derifrå.
For månen skin'e,
Og vegjine falle så vide.
Eg var meg i auroheime,
Ingjen der eg kjende,
Berre ho sæle gudmor mi
Med raude gull på hende.
Sume fór ivi Grimaråsen
Og sume ivi Skålestrond,
Men dei som fór ivi Gjallarhylen,
Dei kome våte fram.
Så tok eg av på vetterstig
Alt på mi høgre hònd;
Der såg eg meg til Paradis,
Det lyser ivi vene lònd.
Der såg eg att'e gudmor mi;
Meg mune kje bet'e gange:
Reis du deg til Brokksvalin,
Der skò domen stande.
V
Kjem eg meg åt pilegrimskyrkjun,
Der var meg ingen mann kjend'e,
Berre ho gode gudmor mi
Med raude gull på hende.
I Brokksvalin
Der skò domen stande.
Der kom ferdi norantil,
Og den rei no så kvast;
Fyre rei Grutte gråskjeggje
Alt med sitt store brass.
Der kom ferdi norantil,
Det totte eg vera vesst;
Fyre rei Grutte gråskjeggje,
Han rei på svartan hest.
Der kom ferdi sunnantil,
Det tottest meg vera best;
Fyre rei sankte såle-Mikkjel,
Han rei på kvitan hest.
Der kom ferdi sunnantil,
Og den rei no så tvist;
Fyre rei sankte såle-Mikkjel,
Neste Jesum Krist.
Der kom ferdi sunnantil,
Ho tottest meg vera trå:
Fyre rei sankte såle-Mikkjel,
Og luren unde armen låg.
Det var sankte såle-Mikkjel,
Han bles i luren lange:
Og no skò alle såline
Fram fyr domen gange!
Men då skolv dei synde-såline
Som ospelauv fyr vinde,
Og kvòr den, kvòr den sål der var,
Ho gret fyr syndine sine.
Det var sankte såle-Mikkjel,
Han vog i skåle-vikt;
Så vog han alle synde-såline
Bort til Jesum Krist.
VI
Eg såg meg einom drengjen,
Det fysste eg vart ved,
Liten småsvein bar han i fangje
Og gjekk i jordi til knes.
I Brokksvalin
Der skò domen stande.
Kjem eg meg åt manne dei,
Kåpa den var bly:
Hass arme sål i dessom heime
Var trong i dyre tid.
Kjem eg meg åt monno dei,
Dei bar på gloande jord:
Gud nå'e dei fattige såline
Som flutte deildir i skog!
Kjem eg meg åt bonno dei,
Dei stoge så hågt på glo:
Gud nå'e dei synduge såline,
Ha banna bort far og mor!
Kjem eg meg åt podda og ormen
Dei hoggje kvòrare med tanne:
Det var synduge syskjeni
Som ha'e kvòrare banna.
Der møtte eg dei ormane tvei,
Dei bit'e kvòrare i sporde:
Det var dei synduge syskjenbonni
Som gifte kvòrare på jordi.
Kjem eg meg åt Syslehuset,
Det var trollkjeringan' inne:
Dei sto kinna i raude blodet,
Det var så tung ei vinne.
Der er heitt i helvite,
Heitar hell nokon hyggje;
Der hengde dei 'pivi ein tjørukjetil
Og brytja ned-i ein presterygg'e.
VII
Sæl er den i fø'esheimen
Fatige gjev'e sko:
Han tar inkje berrføtt gange
På kvasse heklemog.
Tunga talar,
Og sanning svarar på domedag.
Sæl er den i fø'esheimen
Fatige gjev'e ku:
Han tar inkje sumlug gange
På håge Gjallarbru.
Sæl er den i fø'esheimen
Fatige gjev'e brau:
Han tar inkje ræ'ast i auromheime
Fyr horske hundegau.
Sæl er den i fø'esheimen
Fatige gjev'e konn:
Han tar ikkje ræ'ast på Gjallarbrui
Fyr kvasse stutehonn.
Sæl er den i fø'esheimen
Fatige gjev'e mat:
Han tar inkje ræ'ast i auromheime
Anten fyr hæ'e hell hat.
Sæl er den i fø'esheimen
Fatige gjev'e klæ'e:
Han tar inkje ræ'ast i auromheime
Fyr håge kjellar-bræ'e.
Tunga talar,
Og sanning svarar på domedag.
VIII
Gamle mennar og unge
Dei gjev'e etter gaum'e
Det var han Olav Åsteson,
No hev han tålt sine draume.
(Frå Utval av norske folkeviser ved Knut Liestøl og Moltke Moe, 1971)
Ordforklaringar
Nytan: dugande
Skoke: rista, av skake
Fljotan: rask, snar
Lestine: dei heilage tekstane
Dynni: døra
Dei gjev'e ette gaum'e: dei gir akt på det
Blidom: dativ av blid
Dikje: hengjemyr
Vigde vatnet: heilag elv i dødsriket
Ferde-mod: trøytt av ferda
Soten: svart hest, her: helhesten
Ottefuglan: morgonfuglane
Auromheime: den andre verda
Trå: som går langsamt
Kvorjom: kvart (dativ av kvòr: kvar og ein)
Frod: vis, klok
Longe i moldi mòka: for lang tid sidan gravlagd
Uteksi: ei samanblanding av extasis: bortrykking frå lekamen og exitus: utferd; her: sjela si ferd til
Dødsriket
Tynnyr-mog: tornemo
Skarlakskåpe: kåpe i fint, høgraudt ullstoff
Gjallarbrui: gullagd bru over elva Gjoll, som førte til Hel,
Dødsriket

Поcмотреть все песни артиста

Другие альбомы исполнителя

Sull

2014 · альбом

Похожие исполнители