Stolt margjit ho reidde seg til kyrkja å gå, Tidi fell meg longe, So tok ho den vegen til fjølle låg. Det er eg som ber sorgi so tronge. Og som ho no kom fram med bergjevegg, Tidi fell meg longe, Då kom bergjekongen med det lange, kvite skjegg. Det er eg som ber sorgi so tronge. Og bergjekongen tukka fram sylvforgylte stol: Tidi fell meg longe, "Set deg der stolt margjit og kvil din fot!" Det er eg som ber sorgi so tronge. Så var ho i berget i åri dei ni, Tidi fell meg longe, Og ho fødde sønir og døtrar tri. Det er eg som ber sorgi so tronge. Og margjit ho sat med sin handtein og spann, Tidi fell meg longe, Då høyrde ho bøherads kyrkjeklokkur klang. Det er eg som ber sorgi so tronge. Stolt margjit ho tala til bergjekongen so: Tidi fell meg longe, "å må eg få lov til min fader å gå?" Det er eg som ber sorgi so tronge. "å du må få lov til din fader å sjå, Tidi fell meg longe, Men du må 'kje vera burte hot ein time hell tvo." Det er eg som ber sorgi so tronge. Å då som ho kom der gangand' i gård, Tidi fell meg longe, Hennar sæle fader ute for henne står. Det er eg som ber sorgi so tronge. So leidde han inn stolt margjit med glede og gråt, Tidi fell meg longe, So sette han henne i sin moders stol. Det er eg som ber sorgi so tronge. Men då kom bergjekongen snøgt som ein eid: Tidi fell meg longe, "Kjeme du inkje heimatt til bonni i kveld?" Det er eg som ber sorgi so tronge. "Fare no vel då alle i min heim! Tidi fell meg longe, No kjeme eg alli til dikkon meir." Det er eg som ber sorgi so tronge. Stolt margjit ho sette seg på gangaren grå, Tidi fell meg longe, Ho gret fleire tårir hell hesten ha hår. Det er eg som ber sorgi so tronge.