Upp alle Ting, som Gud hev gjort, Hans store Namn at prisa! Det minste han hev skapt, er stort Og kann hans Allmakt visa. Gjeng alle Kongar fram i Rad Og seg til Storverk etla, Dei mektast ei det minste Blad At setja på ei Netla. Eg undrast på det minste Strå, Som Skog og Dal kan pryda. Kor skulde eg væl Visdom få Til berre det at tyda! Enn når eg fær det fylgjet sjå, Som fram i Heimen skrider: Alt folk, som kom og kvarv ifrå, Dei lange, lange Tider! Kva skal eg segja, når eg stend, Der Blomar gro i Engjer, Og Fuglesongen saman renn Som tusund Harpestrengjer? Kva skal eg segja, når eg ser I Andenn' upp og vender Mitt Auga til den Engleher, Som om Guds Trona stender? Kva skal eg segja? mine Ord Dei vil so lite segja. Min Gud! din Visdom er so stor, At mange mål må tregja! Alt, som hev Ande, lova skal Vår Gud med heilag Heider. Hans Lov skal fylla Fjell og Dal Om alle Heimsens Leider. So love Gud på denne Jord Kvar, som hev Munn og Mæle! Og Englane i heilagt kor Skal syngja med so sæle. Kved upp, du Her av Folk på Jord! Med tusund Tonar saman: Halleluja, vår Gud er stor! Og Himlen svarar: Amen.