Ut paa Vegom er det Gaman. Paa ein solvarm Sumardag. I ei Taska stuvat saman Ber eg all min Ferdarhag. Kjem eg til ein svaler Skugge Og ein flater Kvilestein, Der eg seer som i ein Glugge Fram paa Vegen rad og bein. Tek et upp mi Ferdarpipa, Slær meg Eld og kveikjer i, Er eg frelst or allskyns Knipa, Som ein Kongsson rik og fri. Ser eg store Berg og Dalar, Grøna Lider, dimme Votn, Elvardrag, der Fisken spralar Spræker paa den skire Botn. Ser eg Skog, der Fuglar svinga, Eng, der Graset stend i Blom, Grøne Rjod, der Bjøllor klinga, So det giv i Fjellet Ljom. Daa eg gløymer Heimsens Møda, Heimsens Kav og myken Strid, Milde Tankar til meg fløda, Heila Verdi verder frid. Heimi Staden lat deim staaka, Inkje Staak naar til meg hiit, Lat deim brøla, lat deim braaka, No paa meg det inkje bit. Lat deim lokka, lat deim truga, Eg vil kvila i min Sal. Lat deim slarva, lat deim ljuga, Eingong Sanning vinna skal.