Eg vil so gjerne syngja og veit meg ingjen Song; Kvar Stubben, som eg veit, hev eg sungjed. Paa Fusk og Fille-Visor var sakte ingjen Trong, Av slike Ting da ha' mid ein Dungje. Men mangt so lyt ein nytta, naar inkje betre finst, Daa lyt ein ofto taka dan Ting, ein vyrde minst. Slikt hender baade Kjeisar og Kungje. Og sume dei digtar um Elskugjen mest, Um blomstrande Kinner og Kjakar. Ja, kunde da no vara, so var da væl best. D'er snildt te sjaa tvo elskande Makar. Men Kjærleikjen minkar, og Mødo ho veks; Dan smilande Vækjo vert ei rukkutter Heks. So dan Ting heve og sine Hakar. So er da noko' aafaatt med alle desse Ting, Og vistnog er da so med dei fleste. Ver nøgder med Luten din, um han er no ring, Og tenk deg, at ditt er da beste. Og naar du drikker Vatned, so tenk, at da er Vin, Og naar du slagtar Kalven, so tenk at d'er eit Svin. D'er Tankjen, som gjerer det meste.