No koma Guds englar med helsing i sky, Guds fred og velsigning dei bjoda. No stig i frå jordi ein helgasong ny Som skal gjennom himmelen ljoda. Guds fred og vel møtt, Du barn som er født. Vår fredsfyrste høgt vere lova! I djupaste myrker vart himmelen klår Då stjerna av Jakob seg viste. I hardaste vetter det grønkar som vår, Og fagraste knupp spring av kviste. Guds fred og god jol / med sumar og sol! Vår fredsfyrste høgt vere lova! Der ute er jordi so isende kald, Og trei stend svarte i skogen. Men Isai stuv * som til frelsa er vald, Skyt livskvisten fager og mogen. Guds fred med den tein Av grønkande grein! Vår fredsfyrste høgt vere lova! No stjerna frå Betlehem lyser um land Frå høgsal til armaste hytta. Det ljosnar so vent yver dalar og strand Der inn hennar strålar få glytta. Guds fred yver mold! Vår sol og vårt skjold, Vår fredsfyrste høgt vere lova! No ljodar ein lovsong frå alle Guds born, På alle folks tungor dei kveda. So vida som klokkene kima frå tårn, Stig tonar av hugnad og gleda. Alt kling som i kor: Guds fred yver jord! Vår fredsfyrste høgt vere lova!