Kishore Kumar Hits

Dvergmål - Hyrdingen текст песни

Исполнитель: Dvergmål

альбом: Song I Himmelsalar


Vaar Herre er ein Hyrding god,
Og inkje Vondt deim rører,
Som fylgja vil med hugheilt Mod,
Der denne Hyrding fører.
Han fører deim paa grøne Eng,
Til ljose væne Vangar,
Der Livsens stille Kjelda gjeng,
Og Blomen ljuvleg angar.
Og naar eit Lamb er veikt og sjukt,
Han ber det heim paa Armen.
Han lyfter det so mildt og mjukt
Og legg det lint til Barmen.
Min Hyrding god! du fann og meg
So arm og illa hugad,
Som vesle Lamb paa utrygg Veg
Av Varg og Villdyr trugad.
Du førde meg paa Livsens Leid
Til Livd og Fred og Kvila,
Der eg som Fuglen høgt i Reid
Ned til all Naud kann smila.
Der kviler eg i heilag Trygd
Fyr Alle, som meg trengjer.
Der er eg gøymd og yverskygd
Inn under dine Vengjer.
Din Ande dagleg ut meg driv
Til Livsens Hagelende,
Der Kjelda spring med evigt Liv
I Aldrar utan Ende.
Der drikk eg Liv i lange Drag
Av Livsens Brunn og Kjelda.
Der vil eg liva all min Dag,
Alt til eg her skal kvelda.

Поcмотреть все песни артиста

Другие альбомы исполнителя

Похожие исполнители