Lillebroer tala til storebroer sin Eg veit meg ei jomfru så fager og så fin Du er den, du er den Eg hev tinga i min ungdom Den jomfrua er inkje god å få Femten hundre kjemper henne vaktar på Du er den, du er den Eg hev tinga i min ungdom Storebroer tala til lillebroer sin No vil me snu våre gangarar omkring Du er den, du er den Eg hev tinga i min ungdom Eg helde deg inkje for fulltakjen gut Som teke på ei reise og inkje halda ut Du er den, du er den Eg hev tinga i min ungdom Femten hundre kjemper dei slo i ein ring Dei dyra dei rømde for runeblakkjen inn Du er den, du er den Eg hev tinga i min ungdom Jomfrua ut gjennom vindaugaet såg Hot er det for ein galning som helde i vår gård? Du er den, du er den Eg hev tinga i min ungdom Eg er ingen galning, om du seier så Men eg skal bli din festarmann, det må du lite på Du er den, du er den Eg hev tinga i min ungdom Eg skal tukte deg etter mitt sinn Så du skal læra betre beda belaren inn Du er den, du er den Eg hev tinga i min ungdom Lillebroer breidde ut kåpa blå Lyster du jomfru å kvile der på? Du er den, du er den Eg hev tinga i min ungdom Ei lita kvild er fulla god Dersom det inkje fell ungkarsvein imot Du er den, du er den Eg hev tinga i min ungdom