Eg tvilar alt eg høyrer Dei trur mest eg er gal Kan hende var ein vantru Aldri heilt normal Ein gong så var eg kjettar Dei slengde meg på bål Ein storm som aldri lettar Ei undring utan mål Eg tvilar og eg tvilar Eg tvilar på alt Det som eg er fortalt Eg tvilar på alt For då trur eg aldri galt Så eg tvilar Eg tvilar på alt! I djupe gruvegangar Eg hamrar stein for stein Bak undring ligg forundring Og eg finn aldri heim Ein løgn kan vere sanning Og sanning tomme ord Det kviler ei forbanning Mot denne arme jord Og leiarar held talar Som vismenn veit er tull! Og makta sit i salar Der ord er kjøpt av gull! Eg tvilar på alt Det som eg er fortalt Eg tvilar på alt For då trur eg aldri galt Så eg tvilar, eg tvilar Eg tvilar På alt! Så eg tvilar Eg tvilar På alt