I aust så lister sola seg opp på tå Med gull for dine auge så du kan sjå Langt vest i hav eit land stig langsamt fram Min venn, eg veit ein veg til ein heilag stad Der draumar rir på redsla - Amerika Eg lovar deg at allting skal bli bra For dei finst ikkje meir! Å, dei finst ikkje meir, nei! Nei, dei finst ikkje Finst ikkje, finst ikkje Finst ikkje meir! Dei får aldri eige oss kvitt og fritt Alt framfor dine føter er ditt og mitt Dei gamle dagar er forbi! Og no står flammane høgt opp i sky Av eld og blod så kan ein morgon gry Dei ville 'kje forstå Og ingen trudde på At me to kunne fly Og langt bak oss står eit hylekor Som hatar denne menneskejord Dei lyste oss i bann Og skam, og skam, og skam For kjærleiken er stor