Etter stormen såg eg ingenting Ingenting av alt eg såg Etter stormen dreiv eg rundt i ring Og undra på kor landet låg Etter stormen blanke auge bar Himmelen så rar og bleik Etter stormen fann eg ingen svar Viljevarden visna veik Eg kom drivande som båt i brann På dei blåe bylgjer knust i strand Eg drøymde ein draum Eg trudde var sann Eg levde eit liv Som forsvann Eg drøymde ein draum Eg trudde var sann Etter stormen reiv ut ryggen min Såg eg ingen slott som skein Etter stormen ingen Glitretind Såg eg ingen himmelheim Eg va'kje klar for denne kalde jord Eg va'kje klar, eg hadde ingen ord Eg drøymde ein draum Eg trudde var sann Eg levde eit liv Som forsvann Eg drøymde ein draum Eg trudde var sann Eg levde eit liv Som forsvann Eg ville flyge langt derifrå Ut til allheimen den blå Eg virra rundt i ein ynskjebrunn Og lengta etter mysterium Sjå verda spinn bak det kvite grå Med alle skapningar på skrå Me virrar rundt i ein ynskjebrunn Og lengtar etter mysterium Eg va'kje klar for denne kalde jord Eg va'kje klar, eg hadde ingen ord Eg drøymde ein draum Eg trudde var sann Eg levde eit liv Som forsvann Eg drøymde ein draum Eg trudde var sann Eg levde eit liv Som forsvann