Kishore Kumar Hits

Eva Weel Skram - Sleppe tak текст песни

Исполнитель: Eva Weel Skram

альбом: Sleppe tak


Det tok meg tretti år å forstå
Kva du gjekk du igjennom den gangen då
For frå 1985
Sov eg i di seng
Som du grein når eg drog
Men det forstår eg jo no
For eg var berre femten år
Det kunne like gjerne ha vært i går
Frå kvar einaste dag til ingen i lag
Frå å alltid vite kor eg var
Til å aldri ha heilt oversikt
Ikkje vite kva som foregikk
Frå å være den eg lente meg på
Til å ikkje lenger kunne nå
Inn til meg sånn som du gjor
Men tjue år har gått
Sidan eg fór
Det kjem ein dag kor også eg
Må slippe tak som du slapp meg
La han tenke sjølv som du lot meg
La han finne seg sin eigen veg
Og kanskje tek det tretti år
Før han òg ein dag forstår
Før han òg ser det eg no ser
At du har alltid gjort alt for meg
Frå kvar einaste dag til ingen i lag
Frå å alltid vite kor han var
Til å aldri vite kva som skjer
Når han grine, når han ler
Frå å være den han lena seg på
Til å ikkje lenger kunne nå
Inn til han som eg gjer no
Eg skulle berre kjøpe nye sko
Men brått så var han storleik trettito
å kor eg grua meg til han blir stor

No er det vi som syng for deg
Nett som når du sang for meg
Og altfor snart er denne visa slutt
Men vi skal vere her til du fær ut
Frå kvar einaste dag til ingen i lag
Frå å alltid vite kor du var
Til å ikkje fatte og forstå
Kva du går igjennom no
Frå å være den vi lena oss på
Til å ikkje lenger kunne nå
Inn til deg sånn som før
No sitt vi her, men
Kor er du hen?
Og alt vi kan gi deg er ein klem
Snart er det berre han og meg igjen

Поcмотреть все песни артиста

Другие альбомы исполнителя

Похожие исполнители

ISÁK

Исполнитель

Sval

Исполнитель