Håplaus stod vi att, når punktumet var satt. Du stempla ut di aller siste vakt. Og høyrer eg ditt namn, kjem det dønninger av savn, Som minnar om all godheit du har brakt. Eg mimrar, og vil ha tida att frå før du drog din veg. Takk for dagar vi dela med latter og smil, Og gode stunder saman med deg. Bilda sklir forbi, frå ei sorgfri storheitstid Stolte minner dei får plass, i min såre melankoli. Som ein kyndig storebror som kunne fiksa ein motor, Din vilje til å hjelpa den var stor. Men du bar di tyngste bør, bak ei lukka dør. Det var det kanskje ingen som forstod. Eg mimrar, og vil ha tida att frå før du drog din veg. Takk for dagar vi dela med latter og smil, Og gode stunder saman med deg. Bilda sklir forbi, frå ei sorgfri storheitstid Stolte minner dei får plass, i min såre melankoli. No er du tilsett i vår herres industri, Der kan du sysla på utan kamp og stri Og gje ei hjelpsam hand til heltar, og galmle heidersmenn. Så takk for laget, min ven.