Kishore Kumar Hits

Martin Engelsen - Mitt Vakre Vesen текст песни

Исполнитель: Martin Engelsen

альбом: Mitt Vakre Vesen


Eit vakkert vesen flaug i veg.
Det stogga då det møtte meg.
Eg veik til sides for å gje,
Litt rom så det kom vidare.
Men vesenet flaug ei forbi,
Det trengde inn i sjela mi.
Og kveikte opp i meg ein eld,
Som brenn frå gry til seine kveld.
Alt har blitt annleis inni meg,
Og sjølve livet endra seg.
Mi sjel, mitt sinn og hjerterom,
Er fylt av vesenet som kom.
For kun det venaste på jord,
Kan settja slike vakre spor.
Dei står i meg som tida skrid,
Dei står i meg til evig tid.
Om ikkje alt vart slik det sku,
Eg leva kan på von og tru.
Ei sanning inga makt kan snu.
Mitt vakre vesen. Det er du.
Mitt vakre vesen. Det er du.

Поcмотреть все песни артиста

Другие альбомы исполнителя

Похожие исполнители

BEIST

Исполнитель

E-76

Исполнитель