Eit fylgje kjem til nye landet Sjuke av den nye tankepesten Med sverd i hand Hirden åt krist Dei skodar eit fjell Som kneisar i hån Mot desse små Og kringom fjellet Ei skodde av frost Men somme tykkjer ikkje om Stanken av kristenmanns blod Trolla stig ut or fjellet Og legg ei felle For krist sine menn Morgonen etter det glimar i gull Ein veg av mynt leiar til fjell Hirden vandrar fram Med rikdom i sinn Fram dei vandrar Men brått dei skjønar Av kjøt er dei komne Til stein skal dei bli