Slaget er tapt, krigen er forbi Alt er feila, latterleg ideologi ♪ Ein einskapleg tanke frå den reinaste idé Alle var me brikker I ein uknuseleg armé ♪ Eit rike verna av piggtråd og betong Fri frå omverdas impulser og heslege folk ♪ Ingen var større enn saka vår Arbeidarar og bønder med like kår Infiltrert av informantar Som kontrollerte våre tankar Blei truslar mot riket eliminert I skugga av den frie verda Kunne vi hylla og marsjera Vår heilage stat Og dens mektige apparat ♪ Tyranniet har mange sider Dei demokratiske sjeler hevdar dei frigjer Men aldri før har eg følt meg så åleina Ein gjest I eit land som før var heima ♪ Gammal og bitter med brennande nag Veit eg sikkert at det kjem atter ein dag Då flagget skal heisast og riket reisast Atterkomast skal vår allmektige stat