Det driv ei elv stille gjennom sivet Som aldri tørsta di slokke kan Mørk og kald renn ho gjennom livet Og vi skal kryssa ho alle mann Å rygg så svak tunge åretak Ingenting får du behalde I mørke kveld, vil ho ta di sjel? Elva er djup nok for alle Og denne elva renn djup av draumar Som det aldri blei noko av Salte dråpar i strie straumar Som vil fylle opp alle hav Å syndeflod ditt hjarteblod Alt det du har skal forfalle I mørke natt vil ho ta deg fatt? Elva er brei nok for alle Det står ein kar der på andre sida Han ventar tålsamt på kvar og ein Han tek di bør, så du slepp å lida No får du kvila deg under stein Å tomme ord og tårespor Har vi eit svar når ho kalle? Å ferdamann vil du ta mi hand? Elva har plass til oss alle Å solefall i natta kald Ingenting får du behalde Med lagnadsmakt blir vi alle brakt Elva lev lengst av oss alle