15 mann rundt daud manns kiste Ei overflod av sprit Vi har inga tid å miste Så takk for at de kom hit Drikk no, barbarar og skamlause svin Drikk som om havet var laga av vin Drikk for dei englar som drog heim i natt Og for jævlane som vart att Høyrde me skål? Høyrde me skål Ta ein tår for dei som ramla i frå Flammen skin sterkast når ljoset brenn ned Vi håpar at dei finn fred Uti det blå Høyrde me skål? Festen var durabeleg Men du fann inga ro Du sa aldri takk for deg Og ingen såg du drog Var ikkje selskapet godt nok for deg? Måtte du verkeleg gje deg i veg? Kunne du ikkje ha venta ei stund? Blitt hoes oss nok eit sekund? Og tatt deg ei skål Tatt deg ei skål Vi hadde det så gildt kvifor måtte du gå? Natta er mørkast før morgonen gryr Og dagen din vart ryr Kva tenkte du på Høyrde me skål? Ingen ante kva du streva med At det var for mykje å leva med Høyrde me skål? Høyrde me skål Ta ein tår for han som ramla i frå Flammen skin sterkast når ljoset brenn ned Vi håpar at han finn fred Uti det blå Hørde me skål? Skål Vi tar oss ei skål