Høyr du vinden bles i siv? Kor han klagar, kor han riv Vil han teie, vil han seie Kva du skamfult la ved fot? Under mørke tyrirot Mange sorger har du selvgt Mange tårar har du felt Du gjekk svanger med di anger No har jorda tatt imot Under mørke tyrirot Å, din fader grum og hard Gav deg berre dette svar Redde æra du må gjera Det ukristelege brot Under mørke tyrirot Dine hender har tatt liv Dei har halde den kvasse kniv Bladet tvinga gjennom bringa Mot ditt hjarte svart som sot Under mørke tyrirot Høyr kor vinden bles i siv Kor han dansar, kor han sviv Snart forsvinn dei alle minna Du har endeleg gjort bot Under mørke tyrirot Å, under mørke tyrirot Å, under mørke tyrirot