Herregud, kva har eg gjort? Eg bytta latter mot tårer Mi lykke valde eg bort Eg la vårt liv på ei båre Som på ein frostbiten arm Skar eg vekk det som var rote Men det gjorde meg harm Å, det gjorde meg harm Mørkret styp som natt i meg Eg finn ingen frelsesveg Å, eg er heimsøkt Eg er heimsøkt Vandrar kvilelaust i kring Ein naken vind stryk gjennom rommet Kvifor kjenner eg ingenting? Å, lat meg kjenne nokon ting Mørkret syng sin song i meg Kviskrar sine minner etter deg Å, eg er heimsøkt Å, eg er heimsøkt Eg er heimsøkt Eg ber ei lita bøn mot stjernene Men det er ingen som høyrer meg Dei ser ein annan veg Det er så stille mellom stjernene Ingen som svarar meg Som gjev meg sjelefred Herregud, kva har eg gjort? Eg ligg og rullar i skiten Sitt framom helvetes port Å, framom helvetes port Mørkret bit seg fast i meg Tek min ande, dreg med ned Å, eg er heimsøkt Å, eg er heimsøkt Eg er heimsøkt Eg er heimsøkt Eg er heimsøkt