Det var ein vanleg dag Heilt vanleg dag Eg gjekk og venta i ein by Og det var stille mellom alle hus Eg skimta himmelen og såg ei sky Det var ein vanleg dag Heilt vanleg dag Eg stod i alt som heldt meg fast Då høyrde eg ein tone i min gård Og kjende inni meg At noko brast Ein lirekasse spelte nedanfor Førde meg bakover til blonde år Tok av meg hanskane La ned mitt skjold Kviskra til sansane ein song i moll Eg hadde verna meg Bak husets mur Eg hadde døypt meg sjølv til mor Då song han plutseleg ein song i dur Lokka meg ut på ein voldsom tur Ein song om ungdommen Ein song om fred Spelte i sinnet mitt Og tok meg med Til stille stunder av poesi Så langt frå kvardagen var gleda mi Og eg var lukkeleg Og eg var lett Eg gløymde alt som heldt meg fast Då høyrde eg ei stemma langvegs frå Og kjende inni meg at noko brast Det var frå mora mi Om hennar far Om alt umisteleg som eingong var Eg kjende lukka mi lukka seg inn Og visste han var aldri meint som min