Per spelmann han hadde ei einaste ku Per spelmann han hadde ei einaste ku Han bytte bort kua, fekk fela igjen Han bytte bort kua, fekk fela igjen Du gamle gode fiolin, du fiolin, du fela mi! Per spelmann han spela, og fela ho lét Per spelmann han spela, og fela ho lét Så gutane dansa og jentene gret Så gutane dansa og jentene gret Du gamle gode fiolin, du fiolin, du fela mi! Per Spelmann han spela, og fela var god Per Spelmann han spela, og fela var god Så gutane dansa og jentene lo Så gutane dansa og jentene lo Du gamle gode fiolin, du fiolin, du fela mi! Og om eg vert gammal som stein under bru, Og om eg vert gammal som stein under bru, Nei, aldri eg byter bort fela for ku. Nei, aldri eg byter bort fela for ku. Du gamle gode fiolin, du fiolin, du fela mi! Og om eg vert gammal som mose på tre, Og om eg vert gammal som mose på tre, Så aldri eg byter bort fela for fé Så aldri eg byter bort fela for fé Du gamle gode fiolin, du fiolin, du fela mi! Og om eg vert gammal som skorpe på graut Og om eg vert gammal som skorpe på graut Så aldri eg byter bort fela for naut Så aldri eg byter bort fela for naut Du gamle gode fiolin, du fiolin, du fela mi!