Kalde vindar stryk innover land Men det gjer 'kje, det gjer 'kje det grann Og regntunge dropar til naser finn fram Men det gjer 'kje, det gjer 'kje det grann For linerla trippar så kjeik og så blid Med sine tusen songar om sommar så stryk ho forbi Tirili rili rili tirili rili rili Og ørna den ligg der på vinden med høgaste nuten som stål og som jarn Men under i berget, der er ho så mjuk For der passar ho sine små barn Ho ligg der og og ser ut på havet og tenker: Mot kjærleik er stormar og frådande sjø ingenting Tirili... Du må ikkje sova for natta er ny Det blir jonsokdans her til morgongry Du må ikkje sova når sola den renn Då skal me elske kvarandre og danse for den Og graset det blømer i overmot Og det kryp over stein og mot fjell Ja, våren er krona med seier, og livet er aldri så liv som i kveld Og når alle ting bugnar av ljos og av liv Er det rart at eg ler når i dansen eg sviv Tirili... Nei, du må ikkje sova for natta er ny Det blir jonsokdans her til morgongry Du må ikkje sova når sola den renn Då skal me elske kvarandre og danse for den