Eit bod ligg og ventar langt der ute Blant stjerner over hav og fjell Det ventar på at verda skø bli stille Og klart det, det kjem fram i kveld Det bodet er ikkje slikt som høyr og høyre Eller slikt som du med auga ditt kan sjå Men talar eit språk av det slaget Som menneskja sitt hjarta kan forstå Når alle andre sansar kan få kvile Og ro hev funne veg til alle sinn Då kan hjarta høyre bodet uti myrkret Og opne døra si og la det koma inn Då skin det noko nytt i alle augo Noko nytt kjеm over der du står Noko nytt er òg i snø og trе der ute For det blenkjer alt der som du går Snart høyrer du det kimar i ei klokke Og det syng av jolesong frå alt ikring Og myrkret med det underlege ljoset Det er bodet som kom fram til alle ting For når alle andre sansar kan få kvile Og ro hev funne veg til alle sinn Då kan hjarta høyre bodet uti myrkret Og opne døra si og la det koma inn Og la det bli det som me kallar for jul Og la det bli det me kallar for jul Når alle andre sansar kan få kvile Og ro hev funne veg til alle sinn Kan hjarta høyre bode uti myrkret Og opne døra si og la det koma inn